Gå til hovedinnhold

Mikroplast er meir enn «berre» plast


En avlang mikroplast-bit med alger som vokser ut fra sidene

Algar har starta å vekse på denne mikroplast-biten, som vart funnen i Repparfjord i Vest-Finnmark for nokre år sidan. 

Fotograf: Terje van der Meeren / Havforskningsinstituttet

For overflata til mikroplasten kan òg ha lumske passasjerar. 

Ein plastbit er ikkje berre ein plastbit. 

Den vesle mikroplasten, under fem millimeter stor, kan romme mange passasjerar. 

– Plastpartiklar, filmar og matemballasjar kan bokstaveleg talt innehalde tusenvis av kjemikalium, seier havforskar Michael Bank. 

Plast, plast, plast – overalt 

Mikroplast har vorte påvist så å seie overalt på jorda. I nesten alle økosystem – på land, i vatn og i atmosfæren, og verken plantar, dyr eller menneske har sloppe unna.

Kjeldene til denne forureininga er mange. 

Frå bildekk som vert slitne på motorvegen, små mikroperler i kosmetikk og den syntetiske t-skjorta du hiv i vaskemaskina til større plastartiklar som langsamt vert brotne ned i mindre og mindre bitar i naturen. 

– Mikroplast er slik ei kjelde til bekymring på verdsbasis fordi forureininga er overalt. Ho er vedvarande, samansett og giftig, og ho aukar stadig. Det er ein dårleg kombinasjon, seier havforskaren. 

Eit nytt plastparadigme

Bank er ein av forskarane bak ein ny vitskapeleg artikkel som tek til orde for eit paradigmeskifte i forståinga av plastproblemet. Dei lanserer omgrepet «mikroplastom».

Han peikar på behovet for ei heilskapleg tilnærming til plastforureining. 

– Vi må løfte blikket frå berre partikkelpåverknaden til å også ta med kjemisk forureining og virus i risikovurderingane, seier Bank og held fram:

– «Mikroplastom»-rammeverket understrekar kor avgjerande det er å vurdere heile eksponeringsregimet. 

Eit mikroplastom er definert som alle plastpartiklar < 5 mm som finst innanfor ei gitt prøve, inkludert kjemikalia og mikrobane som bur på plasten, og konsekvensane desse har miljømessig og toksikologisk. 

Eit slikt fleirdimensjonalt perspektiv er viktig for å avdekke distribusjonen, transportmønsteret og skjebnen til mikroplast, og korleis han påverkar miljøet og organismar, meiner forskarane.

FN-møte om plast

Den vitskapelege artikkelen er skrive i forkant av det fjerde plast-toppmøtet til FNs miljøprogram, som vert arrangert i Ottawa i Canada i slutten av april. 

FN-landa er samde om å framforhandle ei plastavtale innan utgangen av 2024. Denne avtala skal vere verdsomspennande og juridisk bindande. 

Målet er å få bukt med plastforureining, og å verne miljø og helse. 

– For å sikre effektiv forvaltning, er det avgjerande at ein forstår kor samansette plastutfordringane er, seier Bank. 

Referanse:

Fremsiden av tidsskriftet Environmental Science and Technology. Changchao Li, Xinyu Li, Michael S. Bank, et al. 2024. The “Microplastome” – A Holistic Perspective to Capture the Real-World Ecology of Microplastics. Environmental Science & Technology 58, 4060-4069 doi:10.1021/acs.est.3c08849

Bank MS, Mitrano DM, Rillig MC, Lin CSK, Ok YS. 2022. Embrace complexity to understand microplastic pollution. Nature Reviews Earth & Environment. 3, 736-737. doi:10.1038/s43017-022-00365-x

Bank MS, Ok YS, Swarzenski PW. 2020. Microplastic's role in antibiotic resistance. Science. 369, 1315. doi:10.1126/science.abd9937