Skal studere laks og livsløpNIFES skal i stort internasjonalt prosjekt forske på korleis oppdrettslaksen kan sikrast sunn kost livet gjennom. 20.03.12
I fem år framover skal NIFES saman med 21 andre partnarar frå 12 land i Europa samarbeide i EU-prosjektet ARRAINA om å løyse nokre av dei store framtidsutfordringane innan fiskeoppdrett: Korleis lage eit næringsrikt fôr til oppdrettsfisk basert på planteråvarer på ein måte som sikrar god fiskehelse? Det nye med ARRAINA er at forskarane skal studere fiskernæring i heile livsløpet. ![]() - Særleg viktig blir det å
kartlegge oppdrettsfisken sine ernæringsbehov gjennom ein
heil livssyklus. Vi vil også sjå på korleis
fôring i ein generasjon påverkar den neste. Tidlegare
har mykje forsking konsentrert seg om kortare fasar, seier
forskingsdirektør ved NIFES, Gro-Ingunn Hemre.
EU-prosjektet skal kartlegge ernæringsbehovet til ei rad artar som blir brukt i oppdrett ulike stader i Europa. NIFES har ansvaret for laks. University of Stirling er medansvarlege for laks, og andre norske partnarar er GIFAS og Biomar. Tidlegare levde oppdrettsfisk hovudsakleg på marine råvarer i form av fiskemjøl og fiskolje. Det finst ikkje marine ressursar nok til å halde tritt med den forventa veksten i næringa. Derfor må fôret i framtida baserast på langt meir vegetabilske råvarer. Dette endrar næringsstoffsamansetninga i fôret. Det avgjerande er å finne ut kva effekt dette har på fisken og korleis fôret kan setjast saman på nye måtar for å sikre både ernæring og helse. ARRAINA blir koordinert frå Frankrike (INRA) og har eit totalbudsjett på åtte millionar euro.
Kontakt: Gro-Ingunn Hemre E-post: ghe@nifes.no Telefon: 48185035
|



